Tenester

Ved senteret kan du få ulike typar psykologisk behandling, avhengig av kva som er ditt problem. Mange er ikkje sikre på kva type hjelp dei ønskjer, og dette er noko av det vi kartlegger og prøver å finne ut av når du tar kontakt. Mange av brukarane våre får tilbod om psykoterapi, som vil bli bestemt og utforma avhengig av kva problem du ønskjer hjelp med.

Psykoterapi

Psykoterapi er ei vanleg behandlingsform ved psykiske lidingar. Psykoterapi inneber at ein kjem til regelmessige konsultasjonar hos ein terapeut, der ein gjennom samtale forsøker å kartlegge problema, finne årsakssamanhengar og utvikle nye strategiar og meistringsmåtar i forhold til vanskane.

Det er vanleg å finne eitt eller fleire hovudfokus som ein spesielt arbeider med i behandlinga. Psykoterapi kan vere tidsavgrensa og kortvarig, men kan også gå over lengre tid nå det er behov for det. Der er mange ulike terapiformer, og det kan vere stor skilnad frå terapeut til terapeut når det gjeld kva type tilnærming han eller ho er skulert i og dermed kan tilby.Vi er eitt av få psykologkontor i Sogn og Fjordane som tilbyr interpersonleg, psykodynamisk orientert psykoterapi.

Det er ikkje uvanleg å kombinere ulike typar behandling, som til dømes psykoterapi og psykofarmaka (medisin). Det er vanleg å ha eit nært samarbeid med henvisande lege når dette er naturleg.

Andre tenester

Veiledning

Alle tilsette ved Sandane Psykologisenter gir veiledning til ulike typar faggrupper. Ta kontakt for nærare avtale.

Undervisning

Vi tilbyr undervisning innan ulike emner:

  • Psykiske lidingar og behandling
  • Almennpsykologiske emne
  • Organisasjonsutvikling/Teamutvikling
  • Miljøterapi
  • Skule og klassemiljø

Parterapi

Senteret tar imot ektepar/sambuarar til samtaler.